top of page

Regler for bruk av kjøkken/kiosk

Baune har no eit flott kjøkken / kiosk. 

Vi har mellom anna kaffemaskin, (svele-)takke, vaffeljern, bordgrill, steikeovn, oppvaskmaskin og fryseboks m.m. 

Dette skal vi bruke mest mogleg, og ta godt vare på! 

Til dette treng vi nokre køyrereglar:

Oppgåver/reglar i kiosken på Lægdebanen:

  • Det skal alltid vere ein ansvarlig person over 18 år tilstades.                                                                  

  • Når økta er over, skal kiosken vere i same stand som når du kom (eller betre), og alt utstyr skal vere vaska og satt på sine respektive plassar.

  • Golvet skal vere vaska.

  • Den ansvarlige skal sørge for at kiosken blir låst etter endt økt.

  • Vi brukar Vipps som betalingsmiddel. Vipps-nummer / QR-kode. Dersom eit lag brukar kiosken, vil 80% av inntekta gå til laget, og 20% gå til klubben. 

  • Dersom du har PRIVAT MAT i kjøleskap, må du sørge for å ta med deg dette igjen. På den måten unngår vi at ting rotnar og mugnar og går utover annan mat.

  • Baune vil prøve å ha ei grunnutrustning av forbruksvarer som serviettar, kaffefilter, kaffekoppar m.m. Likevel bør brukarar av kiosken orientere seg litt før salgsstart, for å sjå om noko manglar. Dette må så skaffast/kjøpast inn (til dømes: pølser, pølsebrød, kaker, saft etc.)

  • Fint om flasker blir tatt med og panta.

  • Ved innkjøp av varer til kiosksalg, og ønske om refundering, lag eit enkelt reknskap (ta bilete av kvitto), send på e-post til baune, ved Linn Janka Landås, (linnjanka@gmail.com).

  • Førstehjelpsutstyr: BÅRE - FØRSTEHJELPSSKRIN - HJERTESTARTAR plassert i garderobe.

  • Hittegods: Blir lagra i kiosken ved Lægdebana. Kvar 3. månad vil det bli gjort ei opprydning, og klær vil bli solgt til inntekt for Baune, eventuelt gitt vidare til loppemarknader, evt. kasta. Ved spørsmål, kontakt Linn Kristin Hatlebrekke 93663938 

  • Til slutt: det er lov å bruke sunn fornuft, og tenke sjølv! Har du spørsmål eller forslag til utbedring, ta gjerne kontakt med kioskansvarlig i Baune: Linn Kristin Hatlebrekke 93663938 

bottom of page